søndag 15. oktober 2017

Smud sundag

Eg sov fra halv tolv i går kveld til ti i dag tidleg. Var våken kun ein gong i natt! Fint
Og då eg våkna tenkte eg «slik er det altså å føle seg utkvilt». For ei herleg kjensle og for ein fin dag me har hatt

Me åt sein frokost, med nybakt brød og kokt egg

Og så tutla me rundt nokre timar før me fant ut at me skulle ta ein tur til Li - den 400 år gamle fjellgarden som ligg 300 meter over Hylsfjorden og kor mor sine barndomsvenninner bodde fra 1930

Det er så fascinerande og vakkert her







Og så fortsatte me innover veien. Og veien endar ved Valskår



Her har eg ikkje vore sidan eg var lita jente, som er ein mannsalder sidan. Eg hugser at me gjekk inn hit fra Li, og dengang var det ikkje asfalt på veien..

Her bor det folk i to-tre hus og det er her alle dei flotte gyngestolane i Ryfylkje opprinneleg kjem i frå
Også den som me eingong hadde på Kleiva
(og hvis du klikkar på den setninga så får du lese historia om gyngestolen som for til Li)
Når me kom ned til fjorden att møtte me naboane i tunet og gjekk ein tur i lag med dei.

Nokon av oss ;-)

Rune var kald og ville heim, så det blei Freia å eg og Mira og O & BM

Fin dag!



I kveld er det sjeldan mildt og fint her. 14° og vindstille og ikkje dalatrekk, heilt nydeleg.
Me tente i dei gamle fjøslyktene og sit ute og nyt kvelden

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...